Med ein andreplass frå VM i Calgary, var Kåre Kristoffersen ein av Noregs beste skøyteløparar i Veteranklassen. – Eg vonar sjølvsagt at det vankar ei pallplassering i VM på heimebane òg, sa den blide skøyteløparen.
Både på landsbasis og internasjonalt hevda skøyteesset seg, og no stod NM og VM for døra.
– Det dårlege vêret har gjort at det ikkje har late seg gjere å gjennomføre så mange løp. Det går sjølvsagt ut over oppkøyringa til dei store meisterskapa, sa Kristoffersen til Vestnytt.
Heile tre gonger i veka køyrde Kristoffersen den lange vegen frå Rong til Slåtthaug kunstisbane. – Å drive med skøytesport fordrar sjølvsagt at ein legg ned ein innsats. Det vert ein livsstil, smilte Kåre Kristoffersen. Han brukte mykje tid på isen, men og mykje tid på andre treningsformer.